Den viktige samhandlingskrafta!

Robert Mood er generalløytnant og har omfattande erfaring frå leiarstillingar i det norske forsvaret, FN og NATO. Han er overbevist om at suksess handlar om menneske framfor fly, fartøy, kjøretøy og våpen. 
Kva har dette med Sunnpodium å gjere, tenkjer du kanskje?

Robert Mood har ei unik evne til å overføre sine refleksjonar rundt den viktige samhandlingskrafta til andre område. Kva tenkjer han om samhandlingskrafta til regionen vår? Korleis kan små og store verksemder i Sunnhordland stå saman som region og vinne slaga om den globale marknaden?

Med praktisk erfaring innan drift og omstilling, uvæpna oppdrag i dramatiske omgjevnader og væpna kampsituasjonar i krigsherja område, byr Robert Mood på refleksjoner rundt den viktige samhandlingskrafta. Den som dannar grunnlaget for seier, suksess og som gir nye impulsar og idear.

I dag har Robert Mood verv som president i Norges Røde Kors der han nyttar sin kunnskap og erfaring frå forsvaret, si gode forståing for humanitært arbeid og internasjonale erfaring til å avdekke, hindre og lindre nød.

I 2016 fekk han tildelt Fritt Ords Pris «for å ha vist stort ytringsmot i kritiske debatter om Forsvarets rolle i samfunnet.»