Kvifor er samarbeid og fellesskap viktig?

Mads Nordmo Arnestad kjem frå BI i Bergen og skal med sin gode formidlingsevne dela tankar og kunnskap om innovasjonsmiljø på Vestlandet.

Samarbeid og fellesskap er ein av dei viktigaste styrkane til lokale innovasjonsmiljø på Vestlandet. Men korleis kan me utvikla ein endå sterkare kultur for samarbeid, og kvifor er samarbeid viktig? Dette er tema han vil ta opp og drøfta på Sunnpodium 2019.

Mads Nordmo Arnestad jobbar som førsteamanuensis på BI Bergen. Han er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen, har doktorgrad fra Norges Handelshøyskole, og har vunne prisar for formidlingsevna si. I dette interaktive foredraget set han fokus på kva som motiverer oss til å hjelpa kvarandre, og korleis me kan skapa verdi og kjensle av tilhøyrsle gjennom fellesskap og samarbeid.