«Den norske X- faktoren»

Jens Kristian Fosse er prodekan for innovasjon ved Høgskulen på Vestlandet, HVL. Han underviser på masterprogram i innovasjon og entreprenørskap og forskar på innovasjon frå ulike perspektiv. Til dømes innovasjonsprosessar i regionale næringsklynger og tilrettelegging for innovasjon i privat og offentleg sektor.

I tillegg til forsking og undervisning har han mange års erfaring med mobilisering og utvikling av forskingsbaserte innovasjonsprosjekt i samarbeid mellom industri og FoU. Han har delar av stillinga si ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling.