Motarbeider.no er klare for Sunnpodium 2018!

Ta turen til Sunnpodium og vær med på worst-shop med motarbeider.no. Du vil garantert gå heim med ny inspirasjon og nyttige tips til korleis ein kan gjera kvarandre dårlege, få brukt minst mogleg av seg sjølv på jobb, nå botnlinja, få dreisen på å gjera kvarandre bjørnetenester og gje tilbakemeldingar som dempar lysten til endring og utvikling. For, som alle veit, så kjem ikkje nedturar av seg sjølv. Tør du å ta dei første nølande skritta bakover? Akkompagnert av Bjørge Verbaan, umusikalsk ansvarleg i motarbeider på piano, vil de kunne ta del i debatten rundt korleis ein nærast aleine kan heve inkompetansen i næringslivet.

Det er først når ein er på botn at ein kan starte jobben med å grave seg ned…

Gründer og dårlig leder, Halvor Haukerud, har dei siste åra halde over 700 worst-shops og motarbeidersamtaler og elles jobba med andre organisasjonsforverrande tiltak. Basert på dette arbeidet lanserer han i år «Med- og MOTARBEIDERBOKA. For deg som jobber eller bare er ansatt.» Foredragshaldaren er blant mykje anna sivilingeniør, kulturprodusent, forfattar og organisasjonsrådgivar, og har jobba med relasjons- og samarbeidsmedvit i samansette fagfellesskap.

Les mer på www.motarbeider.no