Astrid Kjellevold frå Atheno er klar for Sunnpodium 2019

Astrid Kjellevold har jobba 15 år med næringsutvikling i Sunnhordland. Dei siste 12 åra som inkubatorleiar og dagleg leiar i Atheno. Ho er «Sertifisert Ideastronaut», 3-barnsmor og driv på fritida kunstkontoen Kunst_AK på Instagram.

Leiaren har mange år på skulebenken. Adjunkt, inkubasjonsleiing, konfliktløysing og master i leiing frå Norges Handelshøyskole. Til Sunnpodium tar ho med seg stikkord frå arbeidskvardagen: Kreativitet, innovasjon og entreprenørskap – forretningsutvikling, strategi, omstilling og kompetanse.

Atheno er eit industribasert næringsselskap som har skapt iver, engasjement og begeistring for Sunnhordland sin attraktivitet i over tretti år. Dei arbeider med alt frå entreprenørskap i skulen til store prosessar og rettleiing for bedrifter i Sunnhordland.