TALKSHOWDRONNINGA KJEM TIL BØMLO!

Anne Lindmo, som du kan sjå på NRK kvar fredagskveld, kjem til Sunnpodium. Vil du oppleva frigjerande latter, ein høgdose inspirasjon og solide refleksjonar til ettertanke? Då må du ikkje gå glipp av Sunnpodium 2019!

Lindmo har vore programleiar i Store Studio, Sommeråpent og Spellemann før ho fekk sitt eige program på fredagskveldane.
Me i Sunnpodium er stolte over å ha kapra talkshowdronninga i Noreg. Anne Lindmo har hatt ein lang karriere i NRK og programleiaren jobbar framleis både i radio og tv. No kjem ho til Sunnpodium for å dela sine erfaringar i eit foredrag om mot – mot til å lukkast!

 – Det er aldri nokon som gir deg draumejobben din. Den må du sjølv drøyma fram, du må våga – og til slutt må du jobba. Som eit beist.

I ein alder av 40 år tok Anne Lindmo ei stor og skremmande avgjersle. Ho hadde ein sikker jobb som programleiar, men meinte sjølv ho hadde eit større potensiale og en større draum. Ho ønskte å skapa sitt eige store talkshow i beste sendetid på NRK. Ho tok sjansen, sa opp jobben og starta arbeidet med å nå draumen. Etter ein lang og krevjande kamp blei programmet ein realitet, og showet er no blitt eit av NRK sine store flaggskip.

Lindmo har heile fem gongar blitt kåra til den beste kvinnelege programleiaren i Norge! Sunnpodium 2019 må du ikkje gå glipp av!