Program 29. mai (tysdag kveld)

16.00 – 17.00

Innsjekk og registrering + litt å bita i.

17.00 – 17.15

Podiumstemning: Gisle Alsaker og Roald Kaldestad.

17.15 – 17.25

Velkommen og opning av Sunnpodium 2018 av ordførar på Bømlo, Odd Harald Hovland.

17.25 – 18.45

Podiumdebatt: Regionalisering – ein trugsel eller ein moglegheit for Sunnhordland?

Korleis kjem Sunnhordland styrka ut av endringane med regionalisering? Kva veg skal me snu oss? Det blir storstilt ordførardebatt med Odd Harald Hovland, Gaute Epland, Wenche Tislevoll, Jarle Nilsen, Arne-Christian Mohn og Jorunn Skåden. Egil Severeide og Martin Laurhammer representerer næringslivet. I tillegg kjem det ein hemmeleg «joker» på scena som er over gjennomsnitt interessert i temaet…

18.45 – 19.00

Podiumpust – pause, kaffi og mingling.

19.00 – 19.15

Podiumungdom: «Piffi UB» Ungdomsbedrifta som går til kamp mot piffikrydder og ferdigmat.

19.15 – 20.45

Podiumstar: «Den viktige samhandlingskrafta»

Robert Mood, president i Norges Røde Kors, generalløytnant med omfattande erfaring frå leiarstillingar i Forsvaret, FN og NATO.

20.45 –

Podiumgourmet – kortreist mat og triveleg prat!

 

 

Program 30. mai (onsdag)

08.00 – 08.30

Innsjekk og registrering.

08.30 – 08.40

Velkommen til Bømlo folkehøgskule. Magne Grøneng Flokenes, rektor.

08.40 – 09.00

Podiumoppvask: A-krim «Det seriøse arbeidslivet».

Marie Aanensen og Trond Kismul frå Arbeidstilsynet fortel om korleis dei jobbar for å bekjempe arbeids­livskriminalitet.

09.00 – 10.00

Podiumoverblikk: «Det seriøse arbeidslivet».

Jørn Eggum frå Fellesforbundet, Liv Kari Eskeland, stortingspolitikar, samt Ann-Kristin Kristoffersen frå NHO, er paneldeltakarar. Dei skal diskutera temaet vidare, og kva useriøse aktørar har å seie for regionen.

10.00 – 10.15

Podiumpust – pause, kaffi og mingling.

10.15 – 11.00

Podiummoglegheit: «Ringer i vannet».

Ragnhild Friis-Ottessen frå NHO og Berit Johannessen frå arbeids- og inkluderingsverksemda Opero fortel om suksessfaktorane i prosjektet.

11.00 – 12.00

Podiumlunsj god mat og meir god prat!

12.00 – 14.00

Podiumtwist: «Motarbeider.no». Dårleg leiar Halvor Haukerud og umusikalsk ansvarleg Bjørge Verbaan inviterer oss med på ein worstshop utanom det vanlege :)

14.00 –

Avslutning – me klappar av dagen og reiser kvar til vårt, inspirerte og klare til å setja nye idéar ut i livet!

NB! Me tar atterhald om programendringar.

 

 

TIDLEGARE PROGRAM