Kva vil me med SunnPodium?

Vår misjon er tydeleg:

Sunnpodium skaper ein arena, inspirerer og fyller på med fagleg innsikt i Sunnhordland sitt arbeid for sam­handling mellom alle aktørar i arbeidslivet.

Me ønskjer å tilby ein god arena der me kan drøfta, gje innspel og konstruktive forslag i «fredstid», altså når det ikkje er pågåande, formelle prosessar mellom dei tre partane i arbeidslivet. Me som står bak Sunnpodium har sett oss høge mål for konferansen. Vår strategi er ikkje tomme frasar. Me ynskjer å bidra med ein kon­feranse som faktisk betyr ein vesentleg forskjell for folk!

Di deltaking er avgjerande for vår felles suksess, difor denne vesle visjons­delinga.

Sunnpodium gir Sunnhordland kraft til å vera best i Norge (og verda) på samhandling i arbeidslivet.

Kontakt oss gjerne på: post@sunnpodium.no

Applausen slår taktfast

medan foredragshaldaren går opp på podiet…, før innlegget?
– Ja, det er eit av kjenneteikna våre, me heiar fram alle som bidrar på konferansen vår!

Etter innlegget får alle ein karakter. Er karakteren dårleg, balanserer jurien det med ein oppmuntrande kommentar. Skulle karakteren vera veldig god, gjeld kanskje kommentaren ei poengtering av forbetrings-potensialet dei har sett.

Våre unge leverer!

Dei set stemninga og er fantastisk å høyra på. Ungdomane summerer opp og gjer sine vurderingar av foredrag, levert av alt frå statssekretærar til rikskjendisar. Det er mykje nytenkande analyse som kjem fram.
Spennande kvar gong, og det friskar opp!

Møtearena for framtida!

PodiumAttraktiv er vår møteplass mellom arbeidsgivarane og framtidige arbeidtakarar. Kva leitar arbeidsgivarane etter når dei rekrutterer nye medarbeidarar? -Og kva ser ungdom etter når dei skal få seg jobb? Er det lønn som er viktigast, eller heiltid/ deltid eller vaktordningar og turnus?
Her er representantar frå kommune og private bedrifter. Podiet er plassen der dialogen kan bløma og forventningar avklarast.

Andre nyheiter